Alt er ein konspirasjon!

Eg følar meg svært nynorsk i dag. Og dessuten så er alt morosamare på nynorsk. Det er ei naturlov. Men så til det eg egentlig vil si:

Sengeprodusentar er nokre ondskapsfulle sadistar. Kvifor? Fordi dei i fleire månader teiknar, designar, måler, kranglar og byggjer, berre for at me skal få så behagelige senger som overhodet mogleg. Det verste er at dei får det til.

“Vent!”, tenkjer du no. Du meiner eg overdriv. Då har dei klart å hjernevaske deg og! Gjennom annonsar i TV og aviser sprer dei altfor geniale PR-folka ansatt i sengeprodusentane sitt utspekulerte bodskap om at dei bryr seg om din komfort og mentale helse. Dette er sjølvsagt, for å seie (skrive) det på godt nynorsk, bullshit. Ikkje tru eit ord! (Dessuten, me merker ikkje ein skjit når me søv uansett.)

Den eigentlege grunnen til sengeprdusentanes anstrengelser er å gjere våre våre morgonar så uuthaldelege som berre morgonar kan vere. Grunnen til at dei oppnår dette er at me går og legg oss for seint på kvelden, hele gjengen. Slik har det alltid vore, og slik det alltid vere. Det er også ei av naturens lover. Dessuten, så går alt som er bra på TV om kvelden.

Oi, faen.

Om me les litt mellom linjene i ukens TV-program kan me faktisk se ein direkte samanheng mellom sengeprodusentane sitt korstog mot ein kvar form for velbehag, og TV-kanalane sitt mål om å skape ein sivilisasjon bestående utelukkande av B-menneske!

Og MSN og Facebook er ikkje heilt mors beste born dei heller. Heile internett er på leken, faktisk. Men det er me som får smake steken. For om dagen er alle opptatt med eit eller anna. Film, musikk, idrett, sigaretter, mattem Coca Cola, teikning, reperasjonar, operasjonar, datamaskinar, Buddhisme, krig, seksuelt samkvem, kva som helst. Men om kvelden kjem vårt sosiale behov snikande, og då ber det rett på internett. Og internett er proppa så full av interessante forbanningar at der blir me sitjande.

Så hvis me no oppsummerar: Sengeprodusentar, TV2, TV3, TV Norge, Discovery Channel, Facebook, MSN, MySpace, BT.no, TV2.no (ein klar forbindelse), Tempur.no (oi, verre) …

Herregud!

Komplott! Samansverjing! Konspirasjon! Sugar in the morning! TV-kanalar, internettgigantar og sengeprodusentar har slått seg sammen for å gjere verdens befolkning ganske så trøtte! Dei har organisert seg i ein ondskapsfull sirkel av eit hierarki!

Kjære lesar, lov meg at når du er ferdig med å irritere deg over min forferdelege, grautete og kunstige liksom-nynorsk, så slår du alarm! Varsle din mor! Varsle sjefen din! Varsle politiet, varsle Kripos! Fanden heller, varsle FBI, NSA, CIA, NASA, Dalai Lama, NRK, NMF og dine foreldre! Slå full alarm!

For sengeprodusentar er nokon ondskapsfulle sadistar, og verda fortener å få vite om det.

Blogglisten

Skriv et svar